Lys på bana

I dag har Hjelle maskin vore på bana og sett opp dei to lysmastene for oss. Etter to timar var mastene oppe og bolta fast. Med god hjelp frå Lyngve Nyhagen virkar alle lyskasterane. Den stolpen nærmast klubbhuset kan ein koble til ei stikkontakt for å lyse opp bana.

I næraste framtid skal vi også få kobla til den andre lysmasta. Vi skal då få montert ein brytar ved inngangen til bana så det blir lettvindt å slå på brytaren frå hesteryggen.

Så da er vi klar for vinteren, og no kan det bli så mørkt det berre vil 🙂

FLEIRE NYHENDE