Klubbstemne i sprang

Sidan D-stemnet 23.-24. Mai vart korona-avlyst, byr Volda rideklubb inn til internt klubbstemne i sprang 24. mai i staden.
Start kl. 12:00.
Klasser:
1. 20 cm CR (lov med leiar)
2. 40 cm CR
3. 50 cm CR
4. 60 cm CR
5. 70 cm CR
6. 80 cm (omhopping etter klassen for minste like feil)
Pris per klasse: 100 kr, betal på Vipps eller før over til konto. Vi tek ikkje imot kontant betaling denne dagen på grunn av korona.
Sløyfepremiar.
Banebyggjar og dommar: Liv Jorunn Nyhagen
Stemnet er ope for alle medlemmar i Volda rideklubb som disponerer hest sjølv. Vi har dessverre ikkje hestar til utlån denne dagen.
Påmelding til livjorunn83@gmail.com innan 19. mai kl. 20:00. Vi ber om at du skriv namn på hest, rytter og klasse, samt namn på eventuelle medhjelparar/heiagjeng. Vi må vite kven som er på området om smittesporing seinare skulle bli naudsynt.
Startlister vert tilgjengeleg seinast laurdag.
Vi følgjer dei gjeldande smittevernreglane, og ber om at folk held avstand til kvarandre og forlet stemneplassen straks klassen(e) sine er over. Det er antibac tilgjengeleg ved ridebana. Vel møtt!

FLEIRE NYHENDE