Kjære toalett!

toalettKjære venner, familie og andre hesteinteresserte!
Volda rideklubb ynskjer å bygge eit toalett, og treng DI hjelp!

Rideklubben har dei siste åra lagt ned mykje tid og pengar i å byggje opp eit rideanlegg på Rotevatn. Her har klubben arrangert ridekurs for born og vaksne, stemner og show. For å kunne gi brukarane av anlegget eit enno betre tilbod, har klubben eit ynskje om å føre opp eit enkelt toalett like ved ridebana. Eit slikt toalett kan fort koste over 20.000 kr (alt etter kva type vi finn som vil fungere best utan nedlagt vatn og kloakk), og med stor lånegjeld er det ikkje lett å finne midlar til dette i budsjettet.

Vi vender oss difor til Volda sine innbyggjarar med spørsmål om sponsorstøtte. Målet er å få toalettet på plass til sommarshow og marknad i juni 2013. Vi ser at behovet for eit toalett er stort, særleg når vi har arrangement som stemner, kurs og show. Vi treng toalettet for å hindre at publikum forlet oss midt under arrangementa til næraste bensinstasjon. Toalettet vil også kunne nyttast av andre enn klubben sine medlemmar, til dømes turgåarar, under arrangement ved bana.

Foreløpelig støtte
Linn Wangen Mork   kr 500,-
Otto Arne Mundal  kr 1 000,-
Helen Harneshaug kr 300,-
Ragnar Hoggen kr 2 500,-
Volda Maskin AS kr 500,-
Lisbeth Wangen kr 500,-
Kjellbjørg og Lyngve Nyhagen 5 000,-
Bjørg og Magne Holmin 1 000,-
Even Dale 500,-
Siri Wangen 500,-
Oddrun Beyer Holm 50,-
Lars-Einar Eikrem 500,-
Sonja Rydjord og Ståle Hansen 500,-
Inger og Egil Arne Standal 1 000,-
Fanny Holmin med familie 500,-
Anneli Knutsen med familie 400,-
Totalt: 15 250,-

Våre sponsorar forpliktar seg ikkje til medlemsskap eller dugnadsarbeid i klubben, men vil i staden få namnet sitt på ein sponsorplankett. Dei som har bidrege til å realisere toalettplanen vil også verte nemnt under avdukinga av toalettet på sommarshowet i juni. I tillegg vil vi publisere namna på dei som har støtta oss her på nettsida. Toalettbygget vil verte bygt på dugnad av klubben sine medlemmar.

Vi søkjer om 500 kroner i støtte. Om dette beløpet ikkje skulle passe deg, står du fritt til å velje beløp sjølv. Kvar ei krone kjem godt med for oss!

Kontonummer Volda rideklubb 3991.40.30319. Merk innbetaling med ”Toalett”.

Med håpefull helsing frå styret:
Edle, Liv Jorunn, Kjersti, Karin, Ida, Linn, Gro Anita, Beate og Rakel

 

FLEIRE NYHENDE