Internt klubbstemne

601791_10152743483625632_461927235_nFor å ”sparke i gang” hausten ynskjer VRK å arrangere eit internt klubbstemne søndag 24. august i sprang og dressur kl. 12.00.

Dommar og banebyggar i sprang: Liv Jorunn Nyhagen
Dommar i dressur: Ida Standal

Klassene kostar 50 kr per stk, og det vert sløyfepremiar.

Klassetilbod:
1. 20 cm sprang (Med leiar om ynskjeleg – nesten som jr.gymkhana. Sløyfer til alle deltakarane) Dette er ei rekrutteringsklasse som er open for alle, uansett alder og nivå.
2. 40 cm sprang
3. 60 cm sprang
4. 70 cm sprang
5. LC 2 dressur
6. LB 2 dressur
7. LA 3 dressur

Påmelding sprang: livjorunn@voldarideklubb.no innan 23. august
Påmelding dressur: ida@voldarideklubb.no innan 23. august

Sidan dette er eit internt klubbstemne, må deltakarane vere medlem av VRK for å ta del. Er det behov for å låne hest i rekrutteringsklassen, gi beskjed så kan vi ordne det.

Dressuren går på 20x60m inne i railen, og sprangen går på 20×60 ved sidan av railen. Oppvarming vert på ledig areal. Dressuren tek til ein halvtime etter at siste sprangklasse er ferdig.

FLEIRE NYHENDE