Hærverk på bana!

Søndag fekk vi vite av ein som skulle låne hengaren at den stod inne på ridebana heilt klint opp i gjerdet på eine kortsida. Den stod så tett til gjerdet at det ikkje var så enkelt å få den fram igjen. Hengaren var låst og vi lurte lenge på kven som hadde trilla den inn dit med handemakt, for koble den på bil gjekk ikkje med låsen på? Vi kunne heller ikkje forstå kven som hadde interesse av å flytte hengaren inn på bana, og la alt anna der nede vere i fred. Vi oppdaga at eine stolpen til inngangen var knekt, og det var da det slo oss.

Det var rett og slett vinden som hadde vore så sterk at den hadde plassert hengaren inne på bana, sjå bilete. Hengaren stod mest sansynleg utan handbrekk, så da var vinden igjen den store syndebukken for hærverket. Så vi kan vere glad for at det ikkje er andre enn naturens makter som herjar på bana vår. Vi slapp også unna med berre ei lita skade på eine lykta. 🙂

stormen-og-hengaren
Illustrasjonsfoto, hengaren hadde flytta seg fleire meter frå der den stod ved klubbhuset til ridebana

FLEIRE NYHENDE