Grillkveld

barbecue_grillVi inviterer til grillkveld på laurdag 1. juni for medlemmar og andre rundt kl 18. Vi vil grille på Vollane ridebane om veret er bra, viss ikkje kan vi trekke inn hos Linn Wangen Mork og lage oss noko anna mat eller bestille noko. Dette blir også ein avskjedsfest for dei medlemmane som flyttar frå Volda om ikkje så lenge. Håper mange vil ta turen innom 🙂

Oppdatering 30.05.13: Sidan det er dårlige vermeldingar i morgon blir vi i Holmingarden (Nymarkvegen 1) i staden. Vi vil teste ut pizzaovnen og pølsegrillen vi har kjøpt, så ta gjerne med deg pølser og pizza om du vil ha det. Vel møtt! 🙂

FLEIRE NYHENDE