Flott innsats på Eid

lottefotoHeile fire ekvipasjer frå Volda rideklubb deltok på D-stemne i dressur og sprang på Eid 15.-16. juni. Alle gjorde ein fin figur.

Yngstemann var Randi Mork på Botnar, som debuterte i D-stemnesamanheng med rykande fersk lisens. Ho stilte i søndagens LC1 dressur, og reid inn til 56 prosent. Med dette vart ho kvalifisert til å stille i open klasse LC1 under Fjordhest NM seinare i sommar. Ida Kristine Standal og Heidrid deltok begge dagar, i både sprang og dressur. Laurdag gjorde ho ein flott innsats i LA3, og reid inn til over 61 prosent. Det vart også ein andreplass i 70 cm sprang feil/stil denne dagen etter ei feilfri runde. Søndag valde ho å trekke seg undervegs i sprangen, då hesten var sliten, men seinare på dag fullførte dei LA4 dressur til godt over godkjent resultat med 56 prosent.

Liv Jorunn Nyhagen deltok laurdagen, med to hestar. Pokemann fekk bryne seg på LA3 dressur, der han hala i land sigeren med 67 prosent. Pokemann deltok også i 80 cm sprang feil/stil, og kom på ein delt femteplass der med feilfri runde og 71 stilpoeng. Birkeholms Thoke Patsijon var påmeldt i 80 cm og 100 cm sprang laurdag, og slo til med siger i begge klassene. 80 cm feil/stil vart vunne med feilfri runde og 75 stilpoeng, medan det måtte omhopping til for å innkassere premien i 100 cm.

Alle dei tre fjordhestekvipasjene vert å sjå på Fjordhest NM 8.-13. juli på Nordfjordeid. Nyhagen startar senior NM og greinmeisterskap i dressur, medan Standal skal ri greinmeisterskapen i dressur, samt opne klasser, og Mork startar LC1. Nyhagen skal også representere Noreg under Nordisk meisterskap for fjordhest i Danmark 2.-4. august.

FLEIRE NYHENDE