Volda rideklubb har siste åra fått fleire medlemmar som har tatt Grønt kort og løyst rytterlisens.
Førre helg var klubben representert med heile sju ekvipasjar på D-stemne i dressurriding på Nordfjordeid. Fleire av ekvipasjene som var ute og starta denne helga var debutantar på distriktsnivå, og fleire klatra i klassene.
To fyrsteplassar vart med heim til Volda.
Her kan du lese artikkel frå Møre frå stemnet: Det gror godt i hestesporten