Styret i VRK gler seg over at klubben hittil i år har fått 67 medlemmar. Mange har også løyst anleggsleige, noko som er kjekt å sjå. Vi minner no om at kodene til hallen vert endra i månadsskiftet, så dei som vil halde fram å bruke anlegget må hugse å betale innan 31. januar. Det er også kome differensiert pris for medlem/ikkje medlem utan anleggsleige som tek del på kurs i regi av klubben. Medlemmar betalar som tidlegare 100 kr kursdagen i anleggsleige, medan ikkje-medlemmar betalar 150 kr kursdagen, jamfør årsmøtevedtak i fjor.