Nytt år med klubben

SprangkvadriljeDå er det på tide å betale medlemskontingent og baneleige igjen. Oppdatert liste over medlemmar for 2013 ligg under «Bli medlem». Der ligg også oversikt over prisar og fordelane våre med å vere medlem. Om du ønsker faktura med medlemskort kan du bestille det der. For å teikne baneleige for å bruke ridebana må medlemskontingenten vere betalt. Det går også an å bruke bana enkeltvis enten du er medlem av rideklubben eller ikkje. Send gjerne ein epost til styret@voldarideklubb.no om du ønsker å bruke bana enkelte gonger og avtal om betaling.

Vi håper mange vil vere medlem av klubben vår og at bana blir brukt flittig! Tid for årsmøtet blir satt i morgon og då vil vi også planlegge aktivitetar for 2013, så kom gjerne med forslag til aktivitetar.

FLEIRE NYHENDE