Open dag på Vollane

Søndag 17. mars hadde Volda rideklubb open dag, der både medlemmar og ikkje-medlemmar var velkomne. Vi tok imot påmelding på førehand, og totalt kom det over 30 barn med foreldre på besøk denne dagen. Klubben stilte med hestar til strigling, barneriding og køyring. Heldigvis var det så bra vêr at vi kunne nytte både hallen og utebana samstundes. Klubben fekk veldig mange gode tilbakemeldingar på arrangementet, og håper å kunne arrangere noko liknande seinare. Takk til alle medlemmane som stilte opp, og til alle deltakarane som kom!

FLEIRE NYHENDE