På 17. mai stilte Volda rideklubb med hestar for 10. ande året på rad. Den rutinerte fjordingen Pokemann med Liv Jorunn Nyhagen har vore med alle 10 gongane. I tillegg stilte fjordingen Odin opp med Randi Mork på ryggen, og shetlandsponnien Enja med 3 barn.
Det var første gong for Odin og Enja, og det takla dei veldig fint. Stine Risahagen Høgalmen, Linn Mork og Edle Holmin gjekk ved sidan av for å passe litt ekstra på. Lenger bak i toget gjekk resten av rideklubben med fana vår.
Under kan du sjå bilder frå toget:
- Diverse 2017