10.000 kroner i Drivkraftmidlar

Torsdag kveld kom Sparebank 1 Søre Sunnmøre på besøk til rideanlegget vårt, og med seg hadde dei ein sjekk på 10.000 kroner i Drivkraftmidlar til ein ny rundpaddock! Frå før har klubben samla inn kring 8.000 kroner til tiltaket på Spleis, og vi er no eit steg nærare realisering. Vonleg kan vi sette opp rundpaddock ved utebana til våren.

FLEIRE NYHENDE