Ridehall frå Fjøssystemer


Volda rideklubb fekk i førre veke lånetilsegn til ridehall i banken. Søknad om kommunal garanti vert straks sendt inn, og vi kryssar fingrane for positivt resultat! Vi kan ikkje byrje på byggjearbeid før slik garanti er på plass, men torsdag denne veka signerte styreleiar Edle Holmin kontrakt med Fjøssystemer om bygging av ridehall i Volda. Dei får no starte prosjekteringsarbeidet, slik at vi er klar til å starte bygging straks kommunal garanti ligg føre.

Det som er veldig viktig no, trass den ekstraordinære situasjonen med korona-viruset, er at medlemmane er flinke til å støtte opp om klubben, og bidra til å styrke eigenkapitalen. Styret starta for nokre veker sidan med sal av flotte sponsorrosettar. Desse kostar 1.000 kroner stykke, og det er så langt kome inn kring 56.000 kroner på dette salet. Målet er 150.000 kroner, så vi håper alle kan spreie ordet – og gjerne kjøpe ein sjølv. Dette vert eit flott minne å ha! For dei som ikkje har høve å støtte med så stort beløp, opnar vi for mindre beløp på vipps. Alle monner drar når vi no skal realisere ein 25 år gamal draum!