Premiedryss under KM dressur

28.-29. september 2019 arrangerte Volda rideklubb KM dressur for første gang. Arrangørklubben forsynte seg også godt av premiebordet.

Det var veldig kjekt å bli plukka ut til å arrangere KM, og mange av klubben sine medlemmar har lagt ned ein stor innsats den siste tida for at denne meisterskapen skulle gå knirkefritt – med berre nøgde deltakarar som mål. Då var det kjekt at også vêrgudane spelte på lag, og varta opp med sol frå skyfri himmel laurdag (og opplett søndag). Resultatmessig vart det svært god utteljing for klubben sine sju ekvipasjar som stilte til start. 

Laget til Volda tok gull i hesteklassen under lag KM laurdag. Laget bestod av Hanne, Ida Kristine og Anja. Søndag vart det også klart at klubben fekk to medaljer i KM senior individuelt. Liv Jorunn tok sølv, medan Anja tok bronse. 

Det vart også plasseringar til Isabell, Anna, Ida Kristine og Anja i opne klasser. 

Fullstendige resultatlister er å finne på Equipe: Resultat KM dressur 28-29. september 2019   

Les artikkel frå avisa Møre her: Volda vann lagkonkurransen og her Volda vann lagkonkurransen

FLEIRE NYHENDE