Vellykka rideleir

rideleir2016Helga 17-18. september hadde Volda rideklubb rideleir for første gong. 10 jenter fekk plass på leiren og delte to og to på kvar sin hest. Dei fekk både lære om stell og foring i stallen, ri på bane, ri på tur, ha teori og sitte i vogn i løpet av helga. Dette vart ei veldig vellykka helg.

Vi kjem nok til å gjenta dette opplegget til våren så fleire kan få vere med.

Les artikkel frå Møre om rideleiren her: Første rideleir i Volda

FLEIRE NYHENDE