Vellykka juniorkurs

Da er juniorkurset som har gått over fire torsdagar over. Der var to grupper med fire barn påmeldt på kvar gruppe. Vi hadde 3 ridetimar på bana og ein torsdag i stallen med stell av hestane då veret var så dårleg.

Ungane virka veldig fornøgd med kurset og ville gjerne kome igjen. Dei var veldig flinke og lærte mykje i løpet av dei fire øktene. Vi takker også medlemmane som stilte opp med hestane sine og instruerte ungane. Vi kjem til å fortsette med slike type kurs etter jul.

9. november 2012

FLEIRE NYHENDE