Vi har vore so heldige å få sponsa 50 000 kr til dekke på ridebana med Sparebank Møre. I dag har vi fått levert 20 kubikk med sand frå Holen Sand- og Grustak. Per Ove Mundal fekk låne veghøvelen til Aurstad for å planere ut sanden.
Ellers lurer vi på å bruke resten av pengane til gummirasp og blande med sanden for å gjere bana meir spenstig. Kanskje er vi så heldige at bana ikkje frys så lett om vinteren også.
Vi takkar så mykje for støtta med Sparebank Møre. Den kom godt med!
No håper vi at bana både tryggare og betre for hestane å bruke.