Ved fjorårets tildeling frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre fekk Volda rideklubb 400.000 kroner til tiltak og utbetringar på bygningsmasse og uteområde på hestesportsanlegget vårt på Rotevatn. Dette har mellom anna resultert i at vi får snøfangarar på ridehalltaket i desse dagar, og at vi hadde funklande nye nummerskilt og kjegler til køyrestemnet i helga som var.
Nyleg kom gladmeldinga om at klubben har fått 250.000 kroner til i vårens tildeling! Korleis desse midlane skal nyttast må styret kome tilbake til, men det vert kjekke tiltak for både tobeinte og firbeinte.