Ny klubbtrenar

Volda rideklubb har vore så heldige å få Marita Melheim Myklebust som klubbtrenar framover. Marita har gått ridelærer trinn 1 på Starum, i tillegg til at ho har tatt Trener 1 via NRYF. Ho har også gått Rider In Balance modul 1 & 2. I tillegg til å ha konkurrert mykje sjølv har ho også vore dressurdommar i fleire år. Marita har jobba for ryttarar som Siril Helljesen, og har mykje unghesterfaring. Ho kjem frå Nordfjordeid. Pris: 300 kroner for sprangtime (maks 4 pr gruppe, 45 min), og 450 kroner for dressurtime (40 min). Dei som ikkje har betalt anleggsleige må vippse VRK 100/150 kroner pr gang (medlem/ikkje-medlem). Vi må vere minst seks påmeldte for at det skal bli trening. Påmelding blir under eigne postar i Facebook-gruppa «Trening for Marita i Volda» for kvar dato, og påmeldinga er bindande.

FLEIRE NYHENDE