Marknad på Vollane

juniorgymkhanaSøndag 8. september blir det marknad på Vollane ridebana frå
kl. 13.00 og utover. Då tilbyr vi barneriding og køyring, strigling av hest og junior-gymkhana.

Dette blir ein skikkeleg familiedag og vi håper at flest mogleg tek turen innom! Det blir open kiosk med mykje godt utval!

Junior-gymkhana
Gymkhana er leik med hest. Her kan du lese meir om gymkhana. Det vert sett opp ei enkel hinderløype som består av små hinder (valfri høgde), samt kjegler og bommar. Borna får med leiar på turen dersom dei ikkje ynskjer å ri åleine. Ein treng ingen rideerfaring for å vere med på dette.

Det vert høve til å låne hest for dei som ikkje disponerer eigen hest. Gi beskjed om dette ved påmelding. Nedre aldersgrense er 2 år.

Pris: 100 kr.
Premiering: Sløyfer og gåvepremiar til alle deltakarane, ingen rangering.

Klubben har tryggleiksvestar og ridehjelmar til utlån. Hugs sko med hæl. Det vert også høve til å melde seg på gymkhanaen på sjølve marknaden, men dei som melder seg på via skjemaet får ri først.

17. august 2013

FLEIRE NYHENDE