Innkalling til årsmøte 2023

Måndag 6. mars 2023 blir det årsmøte for rideklubben kl 19.00 i klubbromet i ridehallen. Det blir servert gratis pizza, vi må difor ha påmelding enten på facebook eller til epost: styret@voldarideklubb.no.

Saker til årsmøtet må vere styret i hende innan 20. februar. Send ein epost til styret@voldarideklubb.no om du har innspel som bør vere med på årsmøtet.

 

Sakliste:

  • Val av sekretær
  • Val av dirigent
  • Val av 2 representantar til å signere protokollen
  • Godkjenning av innkallinga og saklista
  • Behandle årsmeldinga for 2022
  • Godkjenne det reviderte rekneskapet
  • Val av styre
  • Informasjon om planar for aktivitetar 2023

Vel møtt! 🙂

FLEIRE NYHENDE