Volda rideklubb har utnemnt sin første æresmedlem: Ingmar Wangen. Ingmar får prisen som følgje av sitt mangeårige engasjement for Volda rideklubb, der han som far og seinare bestefar har lagt ned eit stor arbeid for å betre tilhøva for hestesporten i Volda kommune og omegn. Det var Ingmar som starta Volda rideklubb tilbake i 1996, for å gi hestefolket ein samlingsstad. Den fyrste ridebana vart ført opp ved Volda stadion på dugnad. Seinare har klubben flytta tilhaldsstad fleire gongar, men Ingmar har vore engasjert i anlegg og utvikling heilt til no. Neste år feirar Volda rideklubb 30 år. Volda rideklubb takkar Ingmar for hans lange engasjement for klubben, og god hjelp med oppføring av både ridebaner, ridehall og klubbstall. Ingmar har gjeve gode råd og vore ein pådrivar inn mot både kommune og utbyggjar, og har ikkje kvidd seg for å ta i eit tak der det trengtest.