I 2010 søkte vi om fareskilt for ridande ved vegen ned mot Vassbotnen og fekk den innvilga. I går kom endeleg skiltet opp, det står på andre sida av vegen ned mot Vassbotnen. Det er veldig kjekt at vi har fått opp dette skiltet då det kan minne sjåførane på at det kan kome ridande på vegane. Særleg utsatt er vegen frå Åmdalen og nedover Hoggabakkane som er utan fortau der farta til bilistane ofte er veldig stor. Vi har også fått opp eit namneskilt som viser at det er ei ridebane lenger nede i Vassbotnen.