Dugnad på bana

Torsdag neste veke 20. september kl 17.00 kallar vi alle medlemmane inn til dugnad på ridebana. Vi må rydde etter vinden og få retta opp igjen gjerdet, fikse harva og slodden og harve og rake bana, sette opp railen til dressurstemnet og ordne andre småting i brakka og kiosken.

Håper mange kan møte og at vi får bra arbeidsver. Gi gjerne beskjed om du ikkje kan denne torsdagen så kan du få nokre arbeidsoppgåver som du kan gjere ein dag det passar.

FLEIRE NYHENDE