Aktivitetsplanen for stemner for 2012 er klar og godkjent i kretsen. Andre aktivitetar vil bli planlagt og lagt ut etter jul. Sjå oversikta under:
- 21-22. april: D-stemne dressur (samarbeid med Ørsta)
- 26-27. mai: KM køyring (truleg maraton i Volda, dressur/presisjon i Ørsta)
- 16-17. juni: D-stemne dressur og sprang (eine dagen Ørsta)
- 11-12. august: D-stemne sprang i Volda
- 01-02. september: D-stemne køyring i Volda (mogleg eindagers)
- 06-07. oktober: D-stemne dressur i Volda
Ein del av stemna deler vi med ØRKK, sidan vi hadde ynskje om nærliggande stemnehelger.