Vi skal til å bestille nye klubbkle med logoen vår på ryggen. Vi har fått nokre prøver på ei fin vinterjakke frå Arbiro som er kombinert med ein flisvest som vi har prøver av liggande i brakka. Vi har jakka i storleik frå 34 – 42 liggande.
Om du er interessert i ei slik jakke kan du ta kontakt med Liv Jorunn Nyhagen, tlf 476 46 541 eller Linn Mork, tlf. 917 69 911 for å prøve storleiken. Vi har jakkene for prøving ut veka.
Prisen på kleda kjem vi tilbake til. På kleda vil vi jobbe med å få nokre sponsorar som vil få logoen sin påtrykt. Når alt er klart kan ein bestille vinterjakke, flisjakke, genser, t-skjorte, refleksvest og caps. For å lese meir om vinterjakka, kan de sjå her: Arbiro kolleksjon