Juniorgymkhana

Juniorstemne okt 2012Volda rideklubb har gleden av å invitere til rekrutteringsstemne for born og unge.

Dato: Laurdag 27. april
Stad: Vollane ridebane på Rotevatn
Klokka: Ca kl 17.00

Det vert høve til å låne hest for dei som ikkje disponerer eigen hest.
Gi beskjed om dette ved påmelding.
Nedre aldersgrense 2 år.
Pris: 100 kr
Premiering: Sløyfer og gåvepremiar til alle deltakarane, ingen rangering.
Klubben har tryggleiksvestar og ridehjelmar til utlån. Hugs sko med hæl og varme kle, gjerne vottar.

Det vert sett opp ei enkel hinderløype, som består av små hinder, samt kjegler og bommar. Borna får med leiar på turen, dersom dei ikkje ynskjer å ri åleine. Valfri hinderhøgd (10-40cm). Påmelding til livjorunn@voldarideklubb.no innan 20. april. Skriv opp namn og alder på deltakarar, samt namn på medbrakt hest eller ynskje om å låne hest.

Her er ei liste over dei påmeldte.

FLEIRE NYHENDE