Laurdag 9. juni hadde vi eit vellykka hesteshow i strålande solskin. Med store og små var der rundt 100 oppmøtte publikum tilstades under showet. Vi hadde innslag som maratonkøyring, sprangkvadrilje, junior-gymkhana, barneriding og laushopping. Konkurransa med å tippe vekta på oldenburgeren Thoke var også populær, og det kom inn forslag frå 200 til 1000 kg. Det rette svaret var 650 kg og den som var nærmast fekk bilvask, sekk, bok og cd i premie. Norge Rundt tok også turen og fulgte Martine Kvien med ponnien Celine. Ho starta på junior-gymkhanaen og NRK var med ho også på forbredelsane til stemnet.
Artikkel i Møre-Nytt om showet
Sjå også bileteserien under lenkjen Bilete her på nettsida.