Resultat frå KM køyring

I pinsehelga arrangerte vi Kreitsmeisterskap i køyring med greinene presisjonskøyring, maraton og dressurkøyring. Det var ei vellukka helg sjølv med få påmeldte. Vi var så heldige å bli sponsa av Davik gard slik at stemnet kunne gå som planlagt.

Vinnar av gullmedaljen i KM køyring 2012 vart Eivind Davik frå Haram med Amigo Waleur og groom Synnøve Nedrelid. Sølvet gjekk til Anita Brekke frå Ørsta med Råds Hero og groom Madsi Vinjevoll, og Liv Jorunn Nyhagen frå Volda med Pokemann og groom Ida Standal fekk bronse. Vinnar av utdanningsklassa vart Trine Funderud frå Ørsta med Skrydstrup-Pan og groom Gunvor Skaar. Trykk her for å sjå fullstendig resultatliste.

Under ser du nokre bilete frå hinderet i maraton i Rotevatnet og premieutdeling:

FLEIRE NYHENDE