Vi kjem til å ta ei pause i barneridingsturane på grunn av så mange andre arrangement og ferietid framover. Vi startar opp igjen med turane når skulane startar igjen til hausten. I mellomtida vil vi arrangere eit ridekurs 13. mai samt å stille opp på barneriding rundt om i bygda. Sjå posten over for meir informasjon om ridekurset. Sjå også kalenderen under aktivitetar for å følge med på kva som skjer framover.