Gull og sølv på Fjordhest NM

I veke 26 2024 var det Fjordhest NM på Stord. Volda rideklubb var representert med heile fem ekvipasjer: Anna/Odin, Oda/Skare, Liv Jorunn/Trym, Hedda/Saga og Karin/Tyra. Alle gjorde ein fin figur under meisterskapen, og det vart fleire medaljer til VRK: Liv Jorunn tok senior-gullet, medan laget til VRK tok sølv. Dei som deltok for laget var Anna, Oda og Liv Jorunn. Hedda/Saga tok 2.-plass i 4 års BUF-en (Beste Unge Fjordhest). Karin fekk sprangdommar sin ærespris og Anna fekk køyrebanebyggar sin ærespris OG heiagjenegn til VRK vart kåra til beste heiagjeng på stemnet! Klubben gratulerer både deltakarar og heiagjeng! 

FLEIRE NYHENDE