Måndag 26. februar 2024 blir det årsmøte for rideklubben kl 19.00 i klubbrommet i ridehallen. Det blir servert gratis pizza, vi må difor ha påmelding enten på facebook (sjå arrangement: Årsmøte Volda rideklubb) eller til epost: styret@voldarideklubb.no.
Saker til årsmøtet må vere styret i hende innan 12. februar. Send ein epost til styret@voldarideklubb.no om du har innspel som bør vere med på årsmøtet.
Sakliste:
- Val av sekretær
- Val av dirigent
- Val av 2 representantar til å signere protokollen
- Godkjenning av innkallinga og saklista
- Behandle årsmeldinga for 2023
- Godkjenne det reviderte rekneskapet
- Val av styre
- Informasjon om planar for aktivitetar 2024
Vel møtt!