Dagmar har herja

Dagmar har rota det godt til på ridebana vår. Natt til 1. juledag vart dommarbua velta opp ned. Heldigvis ser den like heil ut, bortsett frå eit vindauge som er laust.

Neste natt fekk gjerdet gjennomgå og delar av handikaprampa ligg eit stykke unna sin opprinnelige plass. Der er det berre eit gelender som er knekt. Verre ser det ut for lyktestolpane der begge er skeive og den nærmast grinda har vridd seg heilt rundt og lyser «feil veg». Heldigvis fall ikkje stolpen ved klubbhuset ned.

Så vi har ein del dugnadsarbeid foran oss. Håper berre det ikkje kjem fleire skader i natt.

FLEIRE NYHENDE