Volda rideklubb søkte i haust Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre om 1 million kroner til ferdigstilling av uteområdet på hestesportsanlegget vårt på Rotevatn. Fredag var fleire lag og organisasjonar samla til høgtideleg gåveutdeling på Volda stadion, og det vart då klart at klubben fekk innvilga 400.000 kroner i støtte! VRK har ei lang liste over tiltak som kan få nytte av pengane, så styret vil handsame saka i neste møte og ta ei avgjerd på korleis midlane skal nyttast.