Volda rideklubb tok på seg å arrangere KM sprang på kort varsel i haust, og det vart ei vellukka stemnehelg i strålande sol. Det stilte fleire ekvipasjar frå klubben i dei ulike klassene på D-stemnet, og i tillegg vart det arrangert klubbklasser berre for VRK-medlemmar begge dagane. Volda stilte med eitt lag i lagkonkurransen. Laget bestod av Karin Hurlen Vatnehol/Sjugards Fjelltyra og Liv Jorunn Nyhagen/Soltuns Trym. Dei tok sigeren i lagkonkurransen etter to gode runder. Dette var første gangen klubben tok i bruk det nye hindermateriellet som vart kjøpt inn med støtte frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre i haust.


