Vellukka juniorrideleir

15.-16. november arrangerte Volda rideklubb gratis rideleir for barn på anlegget på Rotevatn. Elleve barn fekk plass, og alle såg ut til å kose seg stort. Dei fekk vere med på stallarbeid, lære om stell og påsaling, og ri i ridehallen. Barna var delt i to grupper under ridinga, slik at den eine gruppa fekk halde på med kjepphestløype medan dei andre reid. Det vart også servert eit varmt måltid begge dagar. Rideleiren var støtta av Magne Haugens minnefond, og VRK ynskjer å takke alle som stilte opp og bidrog til å gjere dette til ei kjekk og minneverdig helg for barna. 

FLEIRE NYHENDE