header1
Foto: Merete Rotevatn
header2
Foto: Merete Rotevatn
header3
Foto: Edvin Stålem
header4
Foto: Ingvild Hansen
previous arrow
next arrow

Klubbtreningar

Trening for Ida Kristine Eikrem

Ida Kristine Eikrem bur i Volda, Hornindal og har ein hest. Ho har mange plasseringar t.o.m. LA i dressur og 90 cm sprang.

Ida Kristine underviser i dressur og sprang. Treningane er ope for alle uansett nivå, også unghestar som ikkje er ryttervande. 

Pris:

  • 200 kr for privat halvtime
  • 200 kr per pers på gruppetime 45 minutt (maks 2 stk)

Treningane og påmelding blir annonsert på klubben si Facebook-gruppe for medlemmar

Trening for Liv Jorunn Nyhagen

Liv Jorunn Nyhagen bur i Volda og har to hestar. Ho har utdanna eigne hestar til VB/Intermediere-nivå i dressur, vanskeleg klasse køyring og 100 cm sprang. Ho konkurrerer også i lette klasser feltritt og driv med avl av fjordhest med 2.-premiehingst.

Utvalde meritter: Tre gangar noregsmeister for fjordhest i seniorklassen og to gangar nordisk meister. Seks individuelle KM-gull i LA-dressur (M&R/S&F) og Vestlandmeister i MB-dressur 2016. Fleire cup-sigrar i LA og MB frå S&F. Er utdanna sprangbanebyggaraspirant og sprangdommaraspirant, i tillegg til køyretrenar 1 gjennom NRYF. Underviser i sprang, dressur og køyring/tømmekøyring.

Pris: 200 kr per privat halvtime.
Påmelding og info: styret@voldarideklubb.no

Treningane blir annonsert på klubben si Facebook-gruppe for medlemmar

Trening for Maria Hagen

Maria Hagen er frå Molde og utdanna ridelærar 1 frå Starum/Norsk Hestesenter. Ho er stildommar 1 og også grønt kort kurshaldar. Ho underviser i sprang, dressur, bakkearbeid og sitstrening.

Ho har konkurrert opptil MB dressur, 120 sprang nasjonalt og 80cm feltritt. Dei siste åra har ho også delteke i internasjonale studentkonkurranser i heile Europa og USA. Ho har ei 18 år gamal hoppe som ho sjølv har ridd opp til MB/120. Utanom ridinga har ho ein mastergrad i idrettsvitenskap frå NTNU.

Prisar:

  • Gruppetime sprang 60 min – 340kr 
  • Privattime dressur/sprang 30min – 390kr 
  • Privattime dressur 45 min – 540kr

Påmelding og info: Facebook-gruppa Trening for Maria Hagen i Volda og Ørsta

16298550_10154289242491297_1629516975040659129_n
201563399_10157911046566297_6998541445991447840_n
3088100
182953080_10159240241901142_5605899254735875957_n
271856341_951445085745248_4737082805920486325_n
271912198_1560681727644398_2265450782996223889_n
Hovudsponsor:

Sponsorar nettsida:

VMlogo_stående_rødogmørk_digital


Klubbkle:


★ Medlemstilbod:

20% rabatt på kjøp av utstyr på Smart Stall

Nyheitsarkiv

Trening for Matilde Brogge

Matilde Brogge underviser i klassisk ridekunst, med både i bakkearbeid og riding.

Matilde bur på Stårheim i Stad kommune. Ho har mykje erfaring innan klassisk ridekunst. Ho jobbar med hest på fulltid og har for tida 3 hestar. Ho har også hestar i fullpensjon og trening i perioder.

Klassisk ridekunst passar til alle hestetypar og er ei veldig kjekk form trening av hest og rytter. Rideforma har fokus på ”dressur for hesten” og ikkje «hesten for dressuren», og det stiller då ingen krav til hestens fysiologi, rase eller avstamming. Rideforma er opptatt av at rytteren mellom anna tileigner seg kunnskap om både hesten og sin eigen fysiologi, for å kome vidare på vegen mot ein betre samkjørt ekvipasje.

Privat ridetime 375 kr for 40 minutt innafor køyretid på 2 timar (ein veg). For påmelding og meir info, ta kontakt med Edle Holmin pr e-post: edle@voldarideklubb.no

Sjå facebook sida Hippoteket for meir informasjon om Matilde og kva ho tilbyr.

Matilde-Brogge
Brogges-Hippotek

Trening og behandling - Monika A. Havnes

Monika A. Havnes frå Farstad i Fræna kommune både underviser, behandler og tek hovstell. Ho jobbar med rytter og hest ilag og underviser i dressur både frå bakken og hesteryggen. Ho kan hjelpe til med rehablilitering/opptrening etter skade eller andre utfordringar i hesten eller rytteren sitt bevegelseapparat.

Ho er også utdanna hesteterapaut ved Skandinavisk Skole for Holistisk hesteterapi, ho bruker blant anna osteopati, «oppknekking», stretching og massasje for å løsne opp i låsningar og stivheiter i hestekroppen. Ho kan også undervise Online via appen Ridesum.

Prisar:
– Behandling kr 1300,-
– Ridetime 30 min kr 400,-
– Ridetime 45 min kr 600,-
– Hovtrim kr 800,- (+ kr 100,- pr vått/skittent bein)
I tillegg kjem reise fordelt på antal deltakarar.
 
Monika Havenes
MonikaHavenes

Trening for Trude Vaslestad

Trude Vaslestad har jobba med hest i heile sitt yrkesaktive liv. Parallelt har ho drive aktivt både med sprangriding og dressurriding. Innafor dressur har ho konkurrert opp til og med grandprix nivå både nasjonalt og internasjonalt.  

Ho er utdanna ridelærar 3 fra Norsk Hestesenter på Starum, kor ho også har jobba i 5 år som ansvarleg for dressurundervisinga. Per dags dato jobbar ho som freelance og underviser elevar opp til intermediare nivå, og har hatt fleire elevar på landslagslaget både for ponni, junior og senior. 

Ho underviser i dressur i tillegg til sprang, køyring og islandshest. For Trude er rettferdig ridning og hestevelferd det aller viktigaste. Ho er opptatt av grunnridinga, at utdanning av hesten må skje i riktig rekkefølge og at nøkkelen til suksess er ein lausgjort hest. 

Pris: 600 kr per privat halvtime

Påmelding: På Facebook: Trude treninger

Trude Vaslestad

Diverse instruktørar

Det er fleire instruktørar som frå tid til anna kjem innom Volda for å instruere. Desse er:

  • Gunnar Bruland
  • Torunn Hjelvik
  • Wenche Johannesen
  • Julianne Devold