Resultat frå NM

5208584_578x771Forrige veke gjekk Fjordhest NM av stabelen på Nordfjordeid. Der var det konkurranser både i dressur, sprang og køyring (dressur, presisjon, og maraton). Liv Jorunn Nyhagen med Pokemann fekk andreplass i LA:3 og sølv i greinmeisterskapen i dressur.  I maraton fungerte ikkje ting som det skulle, så Liv Jorunn valte å trekke seg frå klassa. På grunn av at ho satte hesten i første rekke i maratonen, enda ho opp med steward-prisen for å vere eit godt forbilde.

På NM deltok også Ida Standal med Heidrid i dressur og presisjon. Ho fekk blant anna ein 7. plass i 70 cm sprang. Randi Mork med Botnar debuterte på NM og deltok i dressur LC:1 og fekk 53,261 %. Magne Holmin debuterte som groom for søskenbarnet sitt Erik Holmin under kjøringa på NM. Sjå resultatlista her og artikkel frå Møre her.

Under ser du nokre bilete frå NM:

FLEIRE NYHENDE