Stallstøtte frå Sparebanken Vest

Volda rideklubb har fått 70.000 kroner frå Sparebanken Vest sitt “Ildsjelfond” til bygging av stall på Vollane. Laurdag føremiddag vitja kunderådgjevar Frank Vatne frå Sparebanken Vest hestesportsanlegget til Volda rideklubb med det synlege beviset på gåva: Ein diplom. Stallbygget er no under planlegging, og om alt går etter planen kan det stå ferdig til hausten. Bygget skal romme ti bokser, salrom, forrom og toalett, og vil styrke tilbodet til hestesporten i Volda. 

D-stemne i sprang


Helga 15-16. juni arrangerte Volda rideklubb d-stemne i sprang for første gong på ti år. Stemnet samla 21 deltakarar frå Sunnmøre og Nordfjord.

Sjå resultata frå stemnet her: Resultat d-stemne sprang 15-16. juni 2019.

Les meir om stemnet her frå Møre: Første D-stemne i sprang på ti år.

Fleire skiltsponsorar på plass

Volda rideklubb har god plass til sponsorskilt på kortsida i ridehallen. Her vil skilta vere godt synlege for alle brukarane av hallen, både tilskodarar og ryttarar. Til no i år har vi fått inn tre skiltsponsorar: Mulvik, Tussa og Rosetter.no. I helga fekk vi besøk av Karoline og Baard frå Rosetter.no, som var glade for å få vere med å støtte eit slikt flott anlegg. Vi har framleis plass til mange skilt på veggen, så interesserte må gjerne ta kontakt!

Fjordhest NM 2016

Isabell_NMvinnarfjordhest2016Ekvipasjane frå Volda rideklubb gjorde nærast reint bord under Fjordhest NM i Førde i sommar. Isabell Engjaberg Øye og Brautar kom heim med den gjevaste utmerkinga; dei vann NM senior-klassen.

Frå Volda rideklubb reiste ekvipasjene

  • Isabell Engjaberg Øye og Brautar
  • Ida Kristine Standal og Endrar
  • Randi Maud Mork og Odin
  • Tirill Alnes og Gløgg

Liv Jorunn Nyhagen og Pokemann rir for Eid ride- og køyreklubb, men er busett i Volda og gjestemedlem i Volda rideklubb.

Les meir om resultata i artikkelen frå Møre under:

Voldingar på Fjordhest NM: Gjorde nærast reint bord

Inviterer til sprangstemne

isabell_brautarLaurdag 3. september kl 14.00 inviterer Volda rideklubb sine medlemmar til internt klubbstemne i sprang. Det blir forskjellige klasser og mogleg å låne hest i den lavaste klassa. Påmeldingsfrist er 1. september.

Les meir om stemnet her: Invitasjon sprangstemne