Gjerdet på utebana vår har vore slite dei siste åra, og i år var det tid for å gjere noko med det. Det vart sett av ein kveld i midten av april til å rive det gamle gjerdet, og dette gjekk superraskt unna (under ein time!) takka vere godt oppmøte på dugnaden. Første helga i mai var ny material på plass, og vi kunne starte arbeidet med å sette opp det nye gjerdet. Takka vere gode dugnadshjelparar var mesteparten av gjerdet oppe på ein dag, og resten kom på plass kort tid etter. Gjerdet er har no ei topplist og ei fjøl nede som gjer det meir solid. Vi håper dette vil stå i mange år! Takk til Humberset Maskin for lån av gravemaskin til å pigge ned staurane, og til Coop Obs Bygg som sponsa frakt av material. Takk også til Mundal Litt Av Alt for planering og klargjering til oppsetting av gjerde.


