Nytt hindermateriell på plass

Takka vere støtte frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre så har Volda rideklubb kunne investert i nytt hindermateriell frå Kubberød til utebana vår. Dei gamle hinderstøttene og bommane har byrja å merke alderen, noko av materiellet har vi hatt med oss heilt sidan ridebana ved stadion, så no var det kjekt med noko nytt! Vi har kjøpt inn støtter og bommar nok til ti komplette hinder, med innfangarar. I tillegg er det kjøpt nokre hinderfyll, og flagg som skal brukast på stemner. Ta vare på utstyret, slik at det varer lenge! 🙂 

FLEIRE NYHENDE