Det ferdast mykje mjuke trafikantar langs ridebanevegen mellom Botnavegen og hestesportsanlegget. Styret i Volda rideklubb oppmodar difor dei som køyrer på vegen om å vere varsame og merksame. Klubben har fått trykt opp eit fartsgrenseskilt som heng oppe ved vegen, med fartsgrense 25 km/t. Vi ber om at dette vert respektert.


