Kom heim med fleire sløyfer og medalje

Volda rideklubb hadde fire ekvipasjar til start under årets Fjordhest NM i Fredriksstad i veke 27.
Hedda Ose/Viljas Saga stilte i 6 års BUF, open køyreklasse og uoffisiell utstilling. Hedda vart kåra til beste senior mønstrar under utstillinga, og dei enda på 4. plass i BUF. 
Anna Marie Wangen Mork/Svingens Lunar deltok i 5 års BUF og opne dressur- og sprangklasser. Dei fekk med seg ein 3.plass i LC dressur. 
Isabell Øye/Hodne Ludvig deltok i 5 års BUF og opne køyre- og sprangklasser. Dei tok med seg 3.plass i 45 cm sprang. 
Liv Jorunn Nyhagen/Soltuns Trym deltok i NM senior, greinmeisterskap dressur, showsamandraget «Guletur» og knøttecup i feltritt. Dei vann knøttecupen samanlagt, og tok bronse i NM senior.  

 

FLEIRE NYHENDE