19.-20. september arrangerte Volda rideklubb KM dressur for Sogn og Fjordane ryttarkrins. Svært mange ekvipasjer fann vegen til start, noko som var veldig gledeleg. Det kom deltakarar frå både Sunnfjord, Sogndal, Eid og arrangørklubben.
VRK stilte med to lag i lagkonkurransen, og Volda 1 tok GULL framfor Volda 2, som tok SØLV! Totalt var det seks lag med. Bronsen gjekk til Sogndal. På gull-laget reid Lilly Sofie Sætre Humberset/Solsidas Lukas (LC), Anna Marie Wangen Mork/Svingens Lunar (LC) og Liv Jorunn Nyhagen/Soltuns Trym (LA). Sølvlaget bestod av Anja Grønnevik Kirketeig/Fritzgards Nickolai (LC), Ine Refvik/Morgunbirta frå Stall Soltun (LB) og Karin Hurlen Vatnehol/Sjugards Fjelltyra (LC).
Klubben hadde også to deltakarar i KM individuelt. Ine Refvik /Morgunbirta frå Stall Soltun vart nr 3 i KM junior/YR, og Liv Jorunn Nyhagen/Soltuns Trym tok GULL i KM senior. Vi gratulerer!



