Fokus på rekruttering

18.-19. oktober arrangerte Volda rideklubb klubbstemner i dressur og sprang. Denne gangen med eigne dommarar i begge greiner. Berre tre ekvipasjar melde på dressuren, men til gjengjeld vart det ridd 24 startar under sprangstemnet. Flest var påmelde i klassen bom på bakken, der heile 14 deltakarar møtte fram. For fleire vart dette eit første møte med sprangsporten. Alle deltakarane i denne klassen fekk sløyfe og ein refleksvest i premie. Det vart elles ridd fleire feilfrie runder i klasser frå 40-70 cm. Klubben fekk fleire nye medlemmar denne helga, og gler seg over god rekruttering til hestesporten.  9. november vert det nye sjansar til å lufte stemnekleda: Då byr klubben inn til rekrutterings- og klubbstemne i presisjonskøyring. 

FLEIRE NYHENDE