VRK som Satsingsklubb


Rideklubben er så heldige at vi har vorte trekt ut til verte satsingsklubb via Norges rytterforbund (NRYF). Det vil seie at vi skal få ein del hjelp med veiledar til å verte ein meir bærekraftig klubb.

Vi søkte om å verte satsingsklubb for å få hjelp med utvikling av klubben og hjelp til bygging av framtidig ridehall. Opplegget startar med ei bli kjent helg i Lillestrøm i slutten av månaden. Vi sender 1 representant frå styret på dette.

Definisjon på bærekraftig rideklubb frå NRYF er:

  • Vere gode arenaer for sportsleg utvikling
  • Vere sosiale møteplassar for barn og unge
  • Tilby gode breddeaktivitetar
  • Ha gjennomføringsevne – sportsleg aktivitet
  • Tilby utvikling av framtidas leiarar
  • Vere sjølvdrevne og ha ressursar til å drive det som er nemnt over.

Les meir om satsingsklubb her: Dette er NRYFs klubbsatsingsprogram

FLEIRE NYHENDE