Voltige

Voltige er ei blanding av turn og dans på hest som bevegar seg. Hesten blir longert med ei line, der det står ein longør i midten og hesten går på sirkel rundt longøren.

Her er nokre eksempel på øvelsar ein kan gjere i voltige:

Stuss: Ein skal hoppe ned i bakken og opp på hesten igjen

X – armane i 90 grader: Sit på hesten og ha armane rett ut til sida

Fane: Sit først overskrevs på hesten. Så kjem ein fram i knelande stilling på begge bein samtidig og fører arm og bein diagonalt over hesten

fane

 

 

 

 

 

Ståande: Frå å sitte overskrevs kjem ein opp i knelande stilling på begge bein samtidig for så å hoppe direkte og mjukt opp på begge føter

staande

Jorda rundt: Start med eine beinet og før det over hesten sitt hovud slik at ein sit sidelengs, flytt den eine foten over hestens bakdel (slik at ein sit baklengs). Gjenta øvelsen til ein sit framover på hesteryggen igjen.

Brua: Hald fast i begge handtaka og stå oppreist slik at kroppen går i ein boge

Kneståande: Stå på kne på hesteryggen med armane rett ut til sida

haustshow2015 soh7855soh7807 soh7836_soh7831_soh7826