Vollane ridebane

På Vollane har vi ein ridehall (20×60 m) og ei ridebane (40×80 m). Området vi disponerer ligg idyllisk til rett ved
Rotevatnet og blir ofte brukt både til treningar, kurs, stemner, barneriding og show.

Sjå kart under for å kome deg til ridehallen og -bana:

Køyr frå rundkøyringa ved Kiwi og vidare opp mot Vikebygda. Ta av til høgre ned Botnavegen, ta til høgre over første brua. Vegen går ned til ridehallen og -bana.

Kart henta frå Sunnmørskart.

Reglar for bruk av ridebana

  1. Rydd etter deg, bruk greiper og trillbebåre og rydd vekk hestemøkk om hesten legg det frå seg.
  2. Ta vekk alt hindermateriell og kjegler etter bruk om vinteren. Dette fordi bana blir måka for snø, og då kan utstyret bli øydelagt om det ligg under snøen.
  3. Bruk søppelbøttene.
  4. Dersom du er under 18 år kan du ikkje hoppe sprang med hest aleine eller køyre med hest og vogn på bana. Der må alltid vere ein som er myndig til stades. Dette fordi det lettare kan skje ulykker i sprang og køyring.
  5. Om det kjem skade på hindermateriell, kjegler eller gjerdet, gi beskjed til styret.
  6. Bruk ridehjelm og anna tryggleiksutstyr når du brukar bana.
  7. Når det er organisert trening på bana, har deltakarane førsterett på railen/sprangbana.