Vollane ridebane

Ridebana som er på heile 40×80 meter kom opp sommaren 2010. Bana ligg idyllisk til rett ved
Rotevatnet hjå grunneigar Bjørn Rotevatn, og blir ofte brukt både til treningar, kurs, stemner, barneriding og show.

Sjå kart under for å kome deg til ridebana:

den_ferdige_ridebanavollane from airaktivitet_pa_bana

Køyr frå rundkøyringa ved Kiwi og vidare opp mot Vikebygda. Ta av til høgre ned Botnavegen, køyr over
brua og vidare ned mot Vassbotn. Når du ser Tussa sin transformator-stasjon på venstre hand, ligg ridebana
like før – grusveg til høgre.

Kart henta frå Sunnmørskart.

Reglar for bruk av ridebana

  1. Rydd etter deg, bruk greiper og trillbebåre og rydd vekk hestemøkk om hesten legg det frå seg.
  2. Ta vekk alt hindermateriell og kjegler etter bruk om vinteren. Dette fordi bana blir måka for snø, og då kan utstyret bli øydelagt om det ligg under snøen.
  3. Bruk søppelbøttene.
  4. Dersom du er under 18 år kan du ikkje hoppe sprang med hest aleine eller køyre med hest og vogn på bana. Der må alltid vere ein som er myndig til stades. Dette fordi det lettare kan skje ulykker i sprang og køyring.
  5. Om det kjem skade på hindermateriell, kjegler eller gjerdet, gi beskjed til styret.
  6. Bruk ridehjelm og anna tryggleiksutstyr når du brukar bana.
  7. Når det er organisert trening på bana, har deltakarane førsterett på railen/sprangbana.

Sjå bilete under av byggeprosessen til den ferdige bana.